Vassverdiar

Dette er ein tabell over verdiar og stoff som kan vere aktuelle å måle i akvariet.
Vassverdi Måleeining Område Merknad
Temperatur °C, °F 25 - 28 °C Temperaturen er den viktigaste og enklaste vassverdien å måle. Kampfisk toler ned mot 20 °C og opp mot 34 °C, men så ekstreme temperaturar vert ei belastning for immunsystemet deira. Kampfisk likar heller ikkje at temperaturen i akvariet svingar for raskt.
Hardleik °GH, °KH, °dH 0 - 25 °GH Hardleik seier noko om kor mykje oppløyste salt akvarievatnet inneheld. Dette påverkar væske-/saltbalansen til fisken. Høg hardleik gjer òg at pH-verdien i vatnet vert meir stabil.
Surheitsgrad pH 6 - 8

Surheitsgrad (pH-verdi eller berre pH) er ein viktig vassverdi. Nøytralt akvarievatn har pH 7,0. Basar (alkaliske stoff) har høgare pH, opp til 14. Syrer har lågare pH, ned til null.

Surheitsgrad heng saman med hardleik: Når hardleiken går opp, følgjer minimums-pH-en som regel etter. Det betyr at hardt vatn (høg GH) som oftast har meir stabil pH enn mjukare vatn.

pH-verdien bør målast til ei fast tid på døgnet fordi den auka CO₂-produksjonen hos plantene om dagen gjer at pH-en i akvariet søkk.

Ammoniakk (NH₃)
(en.: ammonia)
ppm, mg/l < 0,25 mg/l til saman

Ammoniakk vert skilt ut av fiskane, både i urin og direkte frå gjellene. Dette stoffet er svært giftig. Ammoniakk og ammonium bør helst målast saman. Det innbyrdes forholdet deira avheng av pH-verdien. Høg pH gjev meir ammoniakk og mindre ammonium. Ammoniakk er den giftigaste av dei to, så dersom pH-verdien er høg, er det endå viktigare å unngå NH₃/NH₄₊ i vatnet.

Desse stoffa finst normalt berre i målbare mengder i nyoppsette eller overfôra akvarium. Dei kan òg førekomme som eit resultat av daude og rotne fiskar eller eit akvariefilter som sviktar. Bakteriar i filteret bryt desse stoffa ned til nitritt, som er mindre giftig.

Ammonium (NH₄₊)
(en.: ammonium ion)
ppm, mg/l sjå ovanfor sjå ovanfor
Nitritt (NO₂₋)
(en.: nitrite)
ppm, mg/l < 0,8 mg/l Nitritt i større mengder finst vanlegvis berre i nye eller overfôra akvarium. I eit stabilt akvarium skal nitritt knapt vere målbart. Bakteriar i filteret bryt nitritt ned til nitrat, som er mindre giftig.
Nitrat (NO₃₋)
(en.: nitrate)
ppm, mg/l < 25 mg/l Nitrat vert ikkje brote ned vidare i nemneverdig grad. Den einaste effektive måten å bli kvitt det på er å skifte ut vatnet. Sjølv om nitrat er mindre giftig enn nitritt og ammoniakk, kan høge konsentrasjonar vere skadelege for fiskane. For mykje nitrat kan òg gje algeproblem i akvariet.