Behandling
Bilete frå Wikimedia Commons
Behandling bør skje etter rettleiinga frå produsenten av medisinen du brukar. I nokre tilfelle kan det vere ein fordel å kombinere medisinen med salt og/eller høgare temperatur.
Vanleg bordsalt kan brukast, men det er tryggast å unngå salt som inneheld antiklumpemiddel og jod. Ein kan òg kjøpe spesialsalt for behandling av fisk i dyrebutikken. Dette pulveret består av fleire ulike salt, og har mellom anna den fordelen at det frigjer oksygen i vatnet ei stund etter at det er tilsett i akvariet.
Eventuelt aktivt kol i filteret må fjernast, slik at det ikkje syg til seg medisinen.
Det er ofte best å isolere dei sjuke fiskane i eit lite akvarium eller ei bøtte.
Dekorasjonar er ikkje naudsynte, men kan gje fiskane skjul og gjere det lettare for dei å stresse ned. Mørk botn kan få fiskane til å kjenne seg tryggare. Flyteplantar kan ha same roande effekt for kampfisk og annan overflatefisk. Det er ofte best å dempe lyset; dagaktive fisk vert rolegare då.
Viss du medisinerer i det vanlege karet ditt, er det viktig å hugse på at bakteriedrepande medisinar godt kan ta livet av bakteriekulturane i filteret og grusen.
Rekonvalesens
Naturleg nok bør fisk få vere i eit lite stressande miljø etter behandling. Svekte fisk vert lett mobbeoffer i eit selskapsakvarium.
Kor lang tid fisken brukar på å kome seg, vil avhenge av kva for ein sjukdom det er snakk om, kor hardt fisken var angripen, og fleire andre faktorar, mellom anna temperatur. Sørg for å gje fisken variert og næringsrik kost, men ikkje overfôr. Det kan ta ei lita stund før appetitten kjem på topp igjen.
Mange kampfiskar har store og utsette finnar. Desse kan lett bli skadde av napping eller sjukdomar. Dei veks som oftast ut igjen, viss fisken først vert frisk. Kor lang tid dette tek, avheng av temperaturen i akvariet, alderen til fisken, og korleis han vert fôret. Er finnene nesten borte, kan ein i dei fleste tilfelle rekne med minst 2–3 månaders rekonvalesens. Viss fisken er gammal, kan det stå dårlegare til med grokjøtet. Finnene rekk ikkje nødvendigvis å bli heilt fine i løpet av levetida til fisken.
Bilete frå Wikimedia Commons
Karantene
Det kan vere lurt å halde nyinnkjøpte skapningar i karantene i to–tre veker før dei vert sette inn i akvariet. Dette kan hindre parasittar og liknande i å invadere akvariet.
Døme på livsformer som kan øydeleggje eller forsure heile akvariehobbyen for deg:
- Ichthyophthirius multifiliis ( kvitprikk-parasitten),
- Lepeophtheirus salmonis (lakselus),
- Gyrodactylus salaris (lakseparasitten som har ødelagt mange norske lakseelver),
- protozo-parasittar,
- penselalgar,
- planteetande sniglar,
- flyteplanta vasspest.
Avliving
Nokre gonger nyttar det ikkje å medisinere den sjuke fisken. Viss fisken er for svekka eller gammal, vil han ikkje kunne klare seg. Då kan det vere betre å avlive fisken på ein skånsam måte.
Kokande vatn bør berre brukast som avlivingsmetode for svært små fiskar. Det raskaste og beste er gjerne å leggje kampfisken på ei skjerefjøl og kappe hovudet av han med ein skarp kjøkkenkniv.
Kast aldri ein levande fisk i do, om han er aldri så sjuk. Død fisk bør òg kastast i søpla i staden for toalettet.