Levande fôr

Levande fôr er svært næringsrikt. For kampfisk (og andre rovfiskar) er det ein svært viktig del av kosten.

Viss ein har lyst til å drive opp yngel i akvarium, er det ein fordel å setje seg inn i dette temaet. Prøver ein å ale opp yngelen med tørrfôr, vil dei vekse saktare, og færre vil overleve oppveksten.

Vaksne fisk stiller ikkje like høge krav til kosten, og kan gå lenge på berre tørrfôr. Likevel er det ein fordel å variere kosten. Kampfisk som jamleg får mygglarvar eller andre delikatessar, vert meir aktive og får sterkare fargar og immunforsvar.

Bilete frå Wikimedia Commons. Infusjonsdyr.
Infusjonsdyr.
Bilete frå Wikimedia Commons

Infusorier

Òg kalla «ciliatar», «flimmerdyr» eller «infusjonsdyr».

Desse er bitte små eincella organismar som lever av bakteriar. Derfor finn ein dei i alt vatn der noko ligg og rotnar. Når vatnet i akvariet vert mjølkekvitt eller gråaktig, til dømes når akvariet er nytt, seier ein gjerne at det er bakteriar som gjer akvarievatnet ugjennomsiktig. Det ein eigentleg ser, er infusoriane som lever av bakteriane.

Infusorier er eit veleigna fôr til nyklekket yngel. Storleiken er rett, og næringsinnhaldet er bra. Infusorier forureinar ikkje vatnet, då dei held seg i live til dei vert etne.

I alle beplanta akvarium finst det nokre infusorier frå før. I akvarium med mange plantar kan yngel overleve på dei infusoriane som frå før lever i akvariet. Viss ein filtrerer for kraftig, fjernar ein infusoriane.

Når ein skal drive opp kampfisk, brukar ein ofte eit strippa yngelakvarium utan plantar. Då treng ein ein infusoriekultur som ein kan fôre med.

Å starte ein kultur

Du treng ingen startkultur. Fyll 1–2 liter springvatn på eit glas. Glaset bør ha eit slags lokk, slik at ikkje vatnet støvar ned. Slepp ein rå potetbit (utan skal) ned i glaset. Du kan òg bruke ein bit bananskal som har vorte skylt og deretter tørka.

Plasser glaset ein mørk stad med romtemperatur eller litt varmare. La dei stå slik nokre dagar.

Når vatnet har vorte grått eller kvitaktig, er det på grunn av infusorier. Ta ut poteten/bananskallet. Kulturen er klar.

No kan du ta ut vatn og infusorier med ein pipette (dråpeteljar) eller ei sprøyte, og dryppe det oppi akvariet til yngelen.

Fôr infusoriane med nokre dropar skumma mjølk eit par gonger i veka, så døyr dei ikkje ut. Det kan vere lurt å ha to kulturar om gongen, som du startar opp med nokre dagars mellomrom.

Praktisk boks til mikroorm. Stikk gjerne eit par hol i lokket. Denne boksen er ca. 19 cm lang, 12 cm brei og 7 cm høg. Deiglaget i botnen er mindre enn 1 cm tjukt.
Praktisk boks til mikroorm. Stikk gjerne eit par hol i lokket. Denne boksen er ca. 19 cm lang, 12 cm brei og 7 cm høg. Deiglaget i botnen er mindre enn 1 cm tjukt.

Mikroorm

Vitskapleg namn: Panagrellus redivivus, syn.: Panagrellus silusiae. Engelsk namn: microworms.

Òg kalla «microorm», «mikromakk» eller «micromakk». Dette er flatormar; små, kvite makk som er 0,5–2 mm lange og 0,05 mm tjukke. I naturen er dei nedbrytarar som lever i jord.

I likskap med kampfisken trivst og formeirar dei seg best mellom 25 og 28 grader Celsius. I motsetnad til kampfisken kan dei overleve minusgrader.

Å starte ein kultur

Mikroorm som kryp opp sidene på boksen og dannar eit mønster. Kan skrapast av med til dømes fingeren og gjevast til yngelen med ein gong. At ormane kryp oppover sidene og dannar mønster, er eit teikn på at dei trivst og formeirar seg rimeleg raskt. Når mikroormen trivst, er mønstrene i stadig endring.
Mikroorm som kryp opp sidene på boksen og dannar eit mønster. Kan skrapast av med til dømes fingeren og gjevast til yngelen med ein gong. At ormane kryp oppover, er eit teikn på at dei trivst og formeirar seg rimeleg raskt. Så lenge mikroormen trivst, er mønstrene i stadig endring.

For å dyrke desse treng du ein startkultur. Når du først har noko å starte med, er resten enkelt.

Finn ein behaldar i passe storleik, med lokk. Sjølv brukar eg ein plastboks på storleik med ein matboks.

Lag ein graut av mjøl og vatn som dekkjer botnen av boksen. Du kan bruke alle typar mjøl, eller frukostblanding (utan frukt, sukker og slikt). Eg føretrekkjer ei blanding av havrekli og kveitemjøl. Mikroormen er veldig glad i kveitemjøl, og havrekli gjer at blandinga ikkje vert så tett.

Stikk gjerne to–tre hol i lokket. Viss husfluga vert freista til å leggje egg i desse, får du nokre makk-larvar som bonus. Desse kan du gje til dei større fiskane i akvariet.

Tilfør startkulturen til grauten, og dryss eit par små klyper tørrgjær over det heile. Mikroormen spreier seg fort utover. I løpet av 1–7 dagar (avhengig av temperatur, fukt og så vidare) skal dei ha spreidd seg utover heile boksen. Oppbevar kulturen i romtemperatur. 25 grader Celsius er ideelt.

Når mikroormene trivst, kryp dei oppover langs veggene på boksen. Skrap laus rømlingane med ein finger, og stikk fingeren i akvarievatnet. Mikroormene søkk nedover. Viss dei får tid til å gøyme seg i grusen, er det berre botndyra som får glede av dei. Det kan derfor vere ein fordel å ha bar glasbotn i akvariet når ein driv med yngel.

Mikroorm kan overleve i meir enn 24 timar i akvarievatn.

Viss kulturen trivst, vil grauten etter kvart bli meir flytande. Då må du fylle på med meir mjøl.

Dryss 1–3 klyper tørrgjær over kulturen 1–3 gonger i veka, alt etter kor intens produksjon av mikroorm du ønskjer.

Produksjonen kan plutselig falle drastisk. Det kan derfor vere lurt å ha to kulturar gåande om gongen, starta med eit par veker mellomrom. Etter 4–6 veker byrjar kulturen å lukte, og du bør starte ein ny.

Artemia

Engelsk: brine shrimps

Ein litt meir krevjande type levandefôr som derfor er mest populær blant ihuga oppdrettarar. Ein kan kjøpe uklekte artemiaegg med eller utan skal i dyrebutikken. For å dyrke desse må ein blande saltvatn i rett forhold og setje opp ein behaldar på eit par–tre liter med brusestein under ei lyskilde.

Å starte ein kultur

Du treng:

  • Ein behaldar, til dømes ein isboks eller eit norgesglas.
  • Artemia-egg.
  • Ei luftpumpe og ein brusestein.
  • Ein salinitetsmålar. Det finst fleire typar i akvariebutikken. Artemiaen er ikkje så nøye på det, så du kan trygt kjøpe den billegaste.
  • Ei kraftig, lita lyskilde, til dømes ei skrivebordslampe.
  • Akvariesalt.
  • Ei sprøyte.

Artemia trivst best med ein salinitet på mellom 6 og 10 prosent, så bland romtemperert vatn og akvariesalt til salinitetsmålaren viser rundt 8 %. Tilfør ei eller to klyper artemiaegg, og legg brusesteinen nedi behaldaren for å skape litt sirkulasjon.

Følg med på temperaturen. Optimal temperatur er rundt 28 °C, då klekkjer dei fleste egga i løpet av 24 timar. Viss temperaturen er så låg som 21 °C, kan klekkinga ta halvannan gong så lang tid. Går temperaturen over 30 °C, kan ein del av artemiaane byrje å døy.

Egga legg seg på botnen når du har dei oppi, og ligg der til dei klekkjer. Etter klekking trekkjer artemiaen opp til overflata mot lyset, og ligg i ein liten stim og sprellar mot kanten på behaldaren. Eggeskala blir liggjande att på botnen eller flyt rundt midt på vassoverflata.

Då er det berre å setje sprøyta mot kanten på behaldaren og suge opp dei levande artemiaane. No kan du gje dei direkte til kampfiskyngelen. Viss du ønskjer minst mogleg salt i yngelakvariet, kan du eventuelt sprøyte dei inn i eit kaffifilter for å skylje vekk saltvatnet før du syg dei opp i sprøyta igjen og gjev dei til yngelen.

Tilfør nye egg etter kvart som dei gamle klekkjer. Når botnen av behaldaren byrjar å bli «skiten» av gamle eggeskal, er det på tide å tømme heile behaldaren og starte på nytt. Som med dei fleste kulturar kan det løne seg å ha to eller fleire gåande parallelt. Ikkje berre sikrar dette ei jamnare tilføring av yngelfôr; det kan òg redde deg viss ein av kulturane skulle krasje på eit ubeleilig tidspunkt.

Bilete frå Wikimedia Commons. Bananfluge.
Bananfluge.
Bilete frå Wikimedia Commons

Bananfluger

Vitskapleg namn: Drosophila melanogaster

Desse er svært næringsrike og visstnok lette å dyrke, viss ein får tak i ein startkultur. På grunn av storleiken er dei veleigna som fôr til vaksne fiskar. Det finst ein variant med forkrøpla venger, slik at ein slepp å få huset fullt av fluger. Eg har ikkje sjølv erfaring med bananfluger, så du finn inga oppskrift på det her.

Eddikål

Vitskapleg namn: Turbatrix aceti, syn.: Anguillula aceti

Levande fôr som visstnok er enkelt å dyrke fram viss ein har ein startkultur. Det passar godt til yngel. Meir skal eg ikkje skrive om dette fôret; du kan heller lese meir om det på

Dafnier

Òg kalla «dafniar» eller «Daphnia». Vasslopper som akvaristar i mange år har dyrka fram som levandefôr.

Moina

Moina er ei asiatisk dafnie som har blitt populær dei siste åra.

Hjuldyr

Hjuldyr har kome inn i akvaristikken i det siste, og blir brukte som ein meir næringsrik erstatning for infusorier. Ulempa er at ein treng ein startkultur.

Insekter

Mygg og små fluger kan vere eit kjærkome avbrekk i menyen til kjøtetande fisk. Sprellande levande insekt blir sjølvsagt føretrekte. Enkelte fiskar kan rett nok overtalast til å ta avliva eller lamslegne individ, men dei må vere ferske. Så viss du er ein lidenskapeleg myggjegar, kan du med hell kombinere akvariehobbyen med dette.

Sjå òg sjølvplukk lenger ned.

Mygglarvar

Mygglarvar kan ein få kjøpt levande, frosne eller tørka i akvariebutikken. Tre typar mygglarvar er vanlege: svarte, raude og kvite.

Viss ein kjøper levande mygglarvar, må ein passe på at alle verkeleg er i live. Viss nokre ligg døde og fulle av sopp, kan soppen gå over på kampfisken, og ein får fort ein liten fisketragedie på halsen.

Nokre «dyrkar» mygglarvar sjølve ved å setje ut ein stamp med vatn på verandaen i sommarmånadene. Mykje rart kan nok byrje å leve oppi der, men eg vil verken tilrå eller ikkje tilrå denne metoden, og anar ikkje noko om eventuell smittefare (sjå avsnittet under. Eg har prøvd med ei 10-litersbøtte med vatn, men denne trekte ikkje til seg noko levande. Kanskje var vatnet ikkje næringsrikt nok, kanskje er ti liter rett og slett for lite, eller kanskje verandaen min var litt for langt unna buskaset (3. etasje i ei blokk). (Merknad til meg sjølv: På tide å prøve igjen.)

Åtvaring om raude mygglarvar

Dei raude mygglarvane framkallar allergi hos menneske på grunn av nokre hemoglobinstoff (erythrocurorin) som dei inneheld. Bruk derfor hanskar, eller vask i det minste hendene grundig etter at du har teke i dei. Unngå å stikke hendene i akvariet dei første timane etter at du har fôra med raude mygglarvar.

Pass òg på å ikkje puste inn støv frå frysetørka raude mygglarvar, og ikkje bruk luftpumpe i akvarium der det har vore fôra med raude mygglarvar. Oppbevar dei utilgjengelege for barn, og ikkje la barn handtere dei. Viss frosne raude mygglarvar blir oppbevarte for nær frosenmat, kan ein få allergiske reaksjonar av frosenmaten.

Sjølvplukk

Om sommaren kan ein finne mange rare skapningar i vatn og bekkar rundt omkring. Det kan vere freistande å sanke inn litt fôr til fiskane sine. Det er greitt å ha i bakhovudet at ein ikkje kan vite kva for mikroorganismar og eventuelle parasittar som følgjer med, eller korleis desse vil påverke fisk og akvarium.

Hentar ein til dømes fôr frå ein elv som inneheld lakseparasitten Gyrodactilus salaris, risikerer ein at fiskane i akvariet blir smitta av denne. Det er fullt av flimmerdyr, bakteriar, blautdyr, virus og insektparasittar i norsk natur som kan (eller ikkje kan) angripe fisken din. Pass òg på øyenstikkarlarvar; dei er grådige rovdyr som kjem til å ete fiskane dine viss ikkje fiskane dine et dei først.

Når det er sagt, er ryggsymjarar (wp) og mange andre passe store vassinsekt veldig populære hos litt større jaktande fiskar som til dømes skalarar.