Yngel
I naturen har hannkampfisken eit revir på 1–3 meter i diameter, som oftast i ein grunn pytt eller på ei rismark. Her byggjer han skumreir. Hoene er ikkje like territorielle, men streifar meir rundt. Når ei hoe finn reviret til ein hann, og hannen finn henne, lokkar han henne med til reiret.
Der byrjar paringsritualet: Hannen «omfamnar» hoa med kroppen sin, så det ser ut som om han pressar egga ut av henne. Det kjem vanlegvis 1–10 egg om gongen. Han befruktar egga med ein gong, og fraktar dei opp i reiret. I mellomtida er hoa lam etter klemmen, og ser død ut der ho søkk mot botnen. (Nokre hoer vert ikkje lamme, men hjelper i staden hannen med å plukke opp egg.) Etter nokre sekund kviknar ho til igjen, og dei gjentek prosessen til ho er tom for egg.
Så jagar han henne vekk og brukar den neste tida på å passe reir, egg og etter kvart yngel.
Bilete frå Wikimedia Commons
Egg
Kampfiskegg er kvite eller gulaktige. Dei er vanlegvis lette å oppdage i skumreiret, viss ikkje hannen har plassert alle egga i skjul under eit blad eller liknande.
Å sjå skilnad på kjønna
På ungfisk (under 3–4 månader) kan det vere svært vanskeleg å sjå skilnad på kjønna. Òg profesjonelle oppdrettarar tek feil heile tida. Det kan derfor vere lurt å unngå dei aller yngste kampfiskane i akvariebutikken, der det er vanskelegast å identifisere kjønn ved å sjå på kroppsform og finnar.
Det sikraste teiknet ein kan sjå etter viss ein lurer på kjønnet til ein ungfisk, er ein kvit prikk som hoene får under buken. Prikken sit rett framfor gattfinnen (analfinnen). Dette er enden på eggleiaren, som naturleg nok ikkje finst hos hannar.
Elles må ein sjå på finnane. Den første skilnaden ein kan sjå, er ofte at bakenden på gattfinnen spissar seg meir hos hannane, men dette er heller ikkje heilt sikkert.
Hoer har ein tjukkare buk, og det får dei ganske tidleg. Ser ein på kroppsforma, gjerne ovanfrå, lærer ein seg fort å sjå skilnaden på ganske unge fiskar.
Viss du har brukt litt tid på å studere kampfiskane, kan åtferda òg vere nyttig å gå etter. Det tek ei lita stund å lære, men du endar opp med ei kjensle av om du har ein hannfisk eller hofisk framfor deg.
For å oppsummere: Ingen metode er sikker. Eggleiaren under buken på hoene er det sikraste (og tidlegaste) teiknet. Manglar denne, er fisken anten ein hann eller svært, svært ung. Bortsett frå denne metoden må ein berre øve opp intuisjonen.
Fôr
Bilete frå Wikimedia Commons
Yngel stiller sjølvsagt litt andre krav til fôr enn vaksne fiskar. For det første har yngelen mykje mindre munn, så fôret må dimensjonerast etter storleiken på yngelen. For det andre stiller yngelen store krav til næringsinnhald, då han et og veks mykje. Derfor er levande fôr det beste i byrjinga. Med levande fôr vil mange fleire av yngelen vekse opp.
Dei har òg små magesekkar, og treng fôr mykje oftare enn vaksne fiskar. Medan dei vaksne kan gå i opptil to veker utan mat, og ikkje bør få meir enn dei klarer å ete på nokre få minutt, må yngel fôrast nærmast kontinuerleg, og bør få så mykje som dei klarer å få i seg.
Sjukdom
Den vanskelegaste delen av avlsarbeidet er ikkje å få foreldra til å leike, men å få yngelen til å vekse opp. Nokre døyr alltid på grunn av genetiske defektar, feil eller ustabile vassverdiar, sjukdom, ulykker og tilfeldige hendingar. Her er det to lover som gjelder; Murphys og Darwins.
Yngelen treng mykje plass etter kvart som han veks til, elles vil mange slutte å vekse eller døy. Slik sett er det «nyttig» at nokre yngel er svakare enn andre.
Viss du får yngel med defektar, som manglande kroppsdelar eller skeiv ryggrad, bør desse avlivast snarast mogleg for å spare den sjuke fisken for unødige lidingar, og for å gje betre kår for dei andre. Dette kan gjerast raskt og effektivt ved å gje den defekte yngelen som fôr til større yngel eller fisk.