Fiskesamansetjing

Bilete frå Wikimedia Commons. Pansermallar er eit trygt val, men nokre artar føretrekkjer kaldare vatn enn kampfisken.
Pansermallar er eit trygt val, men mange av artane føretrekkjer kaldare vatn enn kampfisken.
Bilete frå Wikimedia Commons

Kampfisk går for å trivast saman med «dei fleste» andre akvariefiskar, i alle fall viss det er

  • rolege artar som
  • ikkje nappar finnar,
  • ikkje har slør,
  • ikkje hevdar revir, og
  • ikkje et fisk på storleik med kampfisk.

Det kan ofte sjå ut som at viss den andre fisken ikkje plagar kampfisken, så plagar kampfisken han i staden. Det finst altså veldig mange unntak. Viss du er i tvil om du tør å setje to fiskar saman, finn nokon å spørje, søk rundt på Internett eller finn andre alternativ.

Bilete frå Wikimedia Commons. Skalarar kan leve fredeleg saman med kampfisk. Dei kan òg ete dei til frukost.
Skalarar kan leve fredeleg saman med kampfisk. Dei kan òg ete dei til frukost.
Bilete frå Wikimedia Commons

Fiskar og andre dyr som går godt saman med kampfisk

Her er nokre fiskeartar som normalt går bra saman med kampfisk:

Fiskar og andre dyr som kan gå saman med kampfisk

Her følgjer nokre fiskar som med litt flaks, list eller tålmod kan fungere fint i same akvarium som kampfisk. Ein bør helst ikkje prøve å kombinere kampfisk med nokre av desse artane viss ein er usikker, eller viss ein ikkje har andre akvarium å flytte fisk til dersom det skulle bli problem.

  • Dverggurami (Wikidata) og andre fredelege guramiar som er vesentleg større enn kampfisken kan gå bra saman med kampfisk i akvarium som ikkje er for små. Hannane kan bli litt kranglete i byrjinga, men kampfisken vil normalt få respekt for den større og (forhåpentlegvis) fredelegare hannguramien etter kvart.
  • Guppy (wp) og andre slørhala fisk. Desse kan minne om kampfisk i utsjånad. Viss den ekte kampfisken er ein aggressiv fisk, kan dette provosere han.
  • Platy (Wikidata) , molly (Wikidata) og sverddrager (Wikidata) . Nokre kan oppleve at desse nappar i finnane på kampfisken, medan det går bra hos andre akvaristar.
  • Hokampfisk. Desse er mindre aggressive enn hannene. Ein kan likevel oppleve problem med å få dei til å leve fredeleg saman. Kombinasjonar med éin hann og éi eller fleire hoer kan fungere heilt fint. Det kan òg fungere dårleg, slik at éin eller fleire fiskar vert hakka eller stressa i hel. Sjå under.
  • Skalare (Wikidata) . Dei aller fleste skalarar går bra saman med kampfisk, men det er minst to unntak: Halvvaksne eksemplar kan nappe finnar, særleg på CT-kampfiskar som har freistande «agn» over heile seg. Og det er fare for at ein fullvaksen skalare kan ete ein vaksen kampfisk.
  • Eplesniglar (Wikidata) plagar ikkje kampfisken, men kampfisken kan nappe tentaklane av dei. Sniglane overlever dette, men føretrekkjer truleg å behalde alle kroppsdelane sine. Dei ser uansett mykje finare ut med tentaklane intakte.
  • Reker, men det kan vere tryggast å halde seg unna til dømes kloreker (Wikidata) som kan utgjere ein fare for kampfisk.
Bilete frå Wikimedia Commons. Praktbotia er notoriske finnenapparar.
Praktbotia er notoriske finnenapparar.
Bilete frå Wikimedia Commons

Fiskar som ikkje bør setjast i same akvarium som ein kampfisk

Her følgjer nokre fiskar som ein skal vere forsiktig med å halde saman med kampfisk:

Hannkampfisk

Hannkampfisk må haldast kvar for seg. Det går ikkje å ha to hannkampfiskar fritt i same akvarium. Dei kjem til å ta livet av kvarandre; det er derfor dei heiter kampfisk. Unge hannfiskar som veks opp saman, er eit unntak, men når begge byrjar å bli vaksne, er det aldri godt å seie kva som vil skje, og når.

Eg har høyrt rykte om at det finst kampfisk som er «kjemisk kastrert» med hormonbehandling, slik at fleire hannar kan gå i same kar. Sjølv ser eg ikkje heilt poenget med å endre åtferda til fiskane berre for lettvint skuld. Viss ein vil ha fisk som oppfører seg som guppy, kan ein ganske enkelt kjøpe guppy.

Botia

Mi erfaring med å ha praktbotia saman med slørkampfisk er at det kan gå fint i fleire månader. Plutseleg får botiaene smaken på slør, og så et dei finnane av han. Når dei først har fått smaken på kampfisk, gløymer dei det heller ikkje.

Andre Botia-artar har eg ikkje erfaring med. Eg kjem heller ikkje til å ta sjansen, fordi eg veit at botiaer ikkje er så ulike i matvegen.

Hokampfisk og plakat (kortfinna kampfisk) kan det likevel gå bra med; for det første har dei mykje mindre «godteri» på seg, og for det andre er dei mykje raskare til å symje.

Ciklidar

Av ciklidar er det mange artar som ikkje går saman med kampfisk. Dei større ciklidane kan sluke kampfisken, medan dei mindre ciklidane lèt seg irritere over han. Sjølv har eg både sett søramerikanske dvergciklidar som jagar kampfisken, og afrikanske ciklidar som slåst med han, og eg tippar at dei fleste territorielle ciklideartane kan vere problematiske.

Viss ein set inn dvergciklidar i eit kar med kampfisk, bør ein ta kampfisken ut slik at ciklidane får tid til å gjere seg kjende før kampfisken byrjar å plage dei.

Bilete frå Wikimedia Commons. Piraya? Ikkje tenk på det ein gong.
Piraya? Ikkje tenk på det ein gong.
Bilete frå Wikimedia Commons

Andre

Øreål (Wikidata) er treige, men glupske, og dei kan fort lage middag av ein litt for nysgjerrig kampfisk.

Det er i tillegg mange fiskar som likar smaken på kampfisk-slør, eller berre bit etter alt som flagrar. Døme: Praktbotia (Wikidata) , sitrontetra (Wikidata) , og andre mellomstore til store tetraar/pirayaer (sjølvsagt), samt karpefiskar som kileflekkrasbora (Wikidata) og tigerbarbe (Wikidata) .

Hokampfisk

Nokre akvaristar sver til å ha fleire hoer saman med hannen. Dermed vil hannen fordele villskapen sin på hoene, slik at ikkje éi av dei må tole all jaginga åleine.

Men hoene er òg territorielle, sjølv om dei har mindre territorium enn hannane. Plass har derfor stor tyding i slike tilfelle. For å ha ein hann og ei hoe saman bør akvariet vere på minst 50 liter og godt planta. Vegetasjon kan skape skilje mellom territoria og bidra til at kampfiskane ikkje ser (og irriterer seg over) kvarandre heile tida. Likevel er det ikkje uvanleg at hoene etablerer ein slags hakkeorden, der den svakaste hoa får gjennomgå, både frå hannen og hoene.

Den tryggaste måten å fordele fiskane på viss ein har fleire kampfiskar, er rett og slett ein kampfisk i kvart akvarium, uansett kjønn. Då kan ein vere heilt sikker på at dei ikkje skadar eller stressar kvarandre. Kampfisk er svært asosiale dyr, og nokon kjernefamilie eksisterer ikkje i deira verd.

Viss ein skal ha eit akvarium med berre hoer, vil talet på hoer (dess fleire, dess betre) og den tilgjengelege plassen (dess meir, dess betre) avgjere kor mykje krangling og hakking det vert. Sidan òg ho-kampfiskar har svært ulike personlegdomar, bør ein ha eit ekstra akvarium som ein kan flytte eventuelle mobbarar eller mobbeoffer til.

Isolasjon

Mange føretrekkjer å halde kampfisken sin heilt åleine. Kampfisk har ingen problem med einsemd. I eit lite akvarium utan noko som rører seg, kan han likevel bli ganske passiv.

Løysinga er å gje fisken eit betre og meir variert fritidstilbod – helst i form av eit større akvarium han kan utforske. Å setje inn andre fiskar kan òg bøte på monotonien, så sant du finn ein art som passar.