Fôrtypar
Denne tabellen listar nokre vanlege typar fôr for kampfisk og andre fiskar i akvarium.
| Fôr | Type | Alderen til fisken | Merknad |
|---|---|---|---|
| Infusorier (flimmerdyr) | levande | 0–4 veker | Enkelt å dyrke, og ein treng ingen startkultur. |
| Hjuldyr | levande | 0–4 veker | Litt meir næringsrike enn flimmerdyr. Treng startkultur. |
| LiquiFry o.l. | flytande «tørrfôr» | 0–4 veker | Kan brukast som substitutt for infusorier, men er ikkje like næringsrikt. |
| Hardkokt eggeplomme, knust | ferskvare | 0–4 veker | Pressast gjennom kaffifilter. Forureinar akvariet mykje, så fôr forsiktig og varier med andre typar fôr. |
| Mikroorm | levande | 3 veker - 3 mnd | Rimeleg enkelt å dyrke viss du får tak i ein startkultur. |
| Artemia | levande/frosen/tørka | 1 mnd + | Varierer i storleik; dei største er for store til yngel. |
| Yngel | levande | 1 mnd + | Mange avlivar defekt yngel ved å fôre dei til større fisk. |
| Raude mygglarvar | frosen/tørka | 2 mnd + | Menneske kan bli allergiske mot desse. |
| Kvite mygglarvar | levande | 2 mnd + | Desse kan smitte kampfiskane med sopp. Sjekk at dei er livlege og soppfrie. |
| Kjøt/innvolar | ferskvare | 2 mnd + | Må ikkje vere salta eller fulle av tilsetjingsstoff. Kuttast i passande storleik. |
| Hardkokt eggeplomme i bitar | ferskvare | 3 mnd + | Fint å gje til vaksne fiskar i ny og ne, kanskje særleg til hoer. |
| Flakfôr | tørrfôr | 3 mnd + | Kan knusast mellom fingrane og gjevast til 1 mnd gammal yngel. |
| Granulat | tørrfôr | 3 mnd + | Kan knusast mellom fingrane og gjevast til 2 mnd gammal yngel. |
| Bananfluger | levande | 3 mnd + | Hovudsakleg for vaksne fiskar og stor yngel. |
| Fôrtablettar | tørrfôr | Eigentleg ikkje for kampfisk. Kan likevel brukast viss fisk og eigar samarbeider litt. |
Tørrfôr
Til kvardags er flakfôr eller granulat lettvint og heilt greitt for vaksne fiskar, så lenge ein varierer med litt frose eller levande fôr innimellom.
Hugs at tørrfôr i opna forpakning mistar store delar av næringsinnhaldet lenge før datoen går ut. Kjøp frå kjende produsentar, og aldri større boksar enn at du klarer å bruke dei opp innan eit halvt år.
Frosenfôr
Raude mygglarvar kan framkalle allergi hos menneske, og hos allergiske personar kan dei framkalle sterke reaksjonar. Bruk eit reiskap i staden for å røre mygglarvane med fingrane, eller vask fingrane godt etter at du har teke i dei. Unngå å stikke hendene i akvariet i nokre timar etter at du har fôra med desse.
Frosen artemia (eng.: brine shrimps) er det òg mogleg å kjøpe i akvariebutikken. Storleiken på dette fôret gjer at det stort sett passar best til vaksne fiskar.
Oksehjarte kan ein kjøpe hos slaktaren, fryse ned og raspe opp til fiskane. Ein får òg kjøpt ferdig raspa og frose oksehjarte i akvariebutikken, men det kostar sjølvsagt mykje meir. Enkelte unngår oksehjarte fordi dei meiner at fisk ikkje klarer å fordøye feittet på ein god måte.
Levande fôr
Levande mygglarvar får ein kjøpt i mange akvariebutikkar. Desse må vere av prima kvalitet (daude mygglarvar i posen er eit teikn på det motsette), elles kan dei påføre fisken sopp.
Mykje levande fôr er enkelt å dyrke sjølv. Infusorier og mikroorm er gode døme på dette. Korleis ein dyrkar infusorier og mikroorm, kan du lese om på ei eiga side om levande fôr. Artemia (eng.: brine shrimps) er små saltvassreker som er litt vanskelegare å dyrke sjølv, derfor er det vanlegare å kjøpe dei frosne i dyrebutikken.
Ferskfôr
Kampfisk kan bli svært glade for å få rester frå kjøleskapet. Dei et gjerne både fisk og slo. Dei er òg så småspiste at du kan leggje av litt frå matlaginga utan at gjestene dine må gå svoltne frå bordet av den grunn.
Ikkje gje dei for mykje kjøt eller feitt frå fuglar eller pattedyr. Pass òg på at det ikkje er salta, krydra, røykte eller fullt av konserveringsmiddel.
Variasjon
Det er lurt å variere på kosten. Men ver merksam på at viss du fôrar lenge med berre éin type fôr, for så å gå brått over til ein annan type, kan dette bli eit sjokk.