Vatnet i akvariet
Vassverdiar og kvalitet
Temperatur
Kampfisk er glade i varmt vatn, og vert fort sjuke viss temperaturen i akvariet går særleg mykje under 20 grader. Dei er òg kjenslevare for svingingar i temperaturen. Alle temperaturendringar bør derfor skje så sakte som mogleg. Det er viktig å hugse når ein skiftar vatn i akvariet.
pH
Surheitsgraden (pH-verdien) bør vere cirka nøytral. I Noreg har vi dei fleste stader nøytralt vatn (ca. pH 7). Det kan likevel vere greitt å skaffe seg eit testsett.
Hardleik
Hardleiken i vatnet, altså innhaldet av oppløyste salt, påverkar kva for salt og avfallsstoff som vert tekne opp og skilde ut gjennom gjellene og huda på fisken, og verkar inn på stoffskiftet og immunforsvaret til fisken. Kampfisk toler ganske hardt vatn.
Bilete frå Wikimedia Commons
Norsk springvatn
Mange akvariebøker i norske bokhandlar er skrivne i utlandet og omtalar springvatnet ut frå forholda på det europeiske kontinentet eller i Nord-Amerika.
Norsk springvatn skil seg frå den jamne vassforsyninga ved at det vanlegvis er svært friskt (det har eit lågt innhald av ammoniakk, nitritt og nitrat) og mjukt (det kan vere under 1 °GH). Dette varierer sjølvsagt frå stad til stad; mange stader tilset vassverket kalk eller salt i vatnet for å auke pH og hardleik. Dette vert gjort for å minske slitasjen (korrosjonen) på røra.
Ikkje ta noko for god fisk før du har målingar av springvatnet. Kjøp gjerne eit testsett og mål sjølv, eller ring og spør det lokale vassverket ditt. Du kan òg ta ei vassprøve med til din LFS og spørje om dei kan teste vatnet der.
Når ein les i akvarieboka at ein bør la vatnet stå i ein balje i to–tre dagar for å lufte ut klor, så gjeld det gjerne vatnet i store europeiske byar, som dei er nøydde til å fylle med klor for å hindre at folk vert sjuke av det. I Noreg er det sjeldan at vassverket tilset så mykje klor at ein treng å lufte vatnet før ein har det i akvariet.
Når ein les i akvarieboka at ein fisk er vanskeleg å halde fordi han krev blautt vatn, så er vatnet i krana di kanskje perfekt for denne fisken. Som sagt: Norsk springvatn er ekstremt blautt, og det har ein kvalitet som resten av verda kan misunne oss.
Andre eigenskapar
Bilete frå Wikimedia Commons
Salt
Nokre tilrår å blande inn ein teskei salt per 10 liter akvarievatn for kampfiskar. Sjølv høyrer eg til dei som føretrekkjer å blande minst mogleg i vatnet, og heller spare saltet til medisin viss fisken vert sjuk. Søtvatn inneheld ekstremt lite salt (under 0,05 %), og sjølv om vatnet kan vere hardt i naturen, er det andre salt enn natriumklorid som forårsakar det. Sjå òg Wikipedia-artikkelen om salinitet (wp) .
Skumreir
Skumreiret vert påverka av vasskvaliteten. Viss vatnet er for hardt, vil det ikkje halde. Viss ein ønskjer store, kraftige skumreir, bør pH i akvariet vere 7 eller mindre.
Oksygen
Oksygennivået i vatnet er viktig for helsa til fiskane. Kampfisk har likevel, som alle labyrintfiskar, evna til å puste luft, så dei klarer seg i eit knipetak.
Vassoverflata
Vassoverflata i akvariet bør vere rein, og lufta over vatnet varm og fuktig. Elles kan kampfisken få «forkjøling» når han hentar luft. Skumreir klarer seg òg dårlegare i tørr eller kald luft.
Straum
Kampfisk ser ut til å like å symje mot straumen av og til, men det er viktigare at dei har eit område i akvariet med roleg vatn der dei kan lene seg mot ein plante eller liknande og slappe av. For å byggje skumreir er dei avhengige av at overflata er svært roleg.