Innreiing
Bilete frå Wikimedia Commons
Labyrintfiskar er generelt glade i grunt vatn med flyteplantar der dei kan byggje reir.
Dei føretrekkjer låg vassstand. 15 cm er ideelt viss ein vil ha fiskane til å leike, men dei klarer seg heilt fint i djupare akvarium.
Kampfiskar likar vegetasjon. Dei trivst aller best blant flyteplantar eller andre plantar som bryt vassoverflata.
Lys
Kampfisk treng ikkje eit opplyst akvarium, men det er ein fordel med lys for å sjå fisken og for å halde plantane i live. I staden for å skru lyset av og på til tilfeldige tidspunkt bør du bruke ein timer (til dømes eit koplingsur eller ein smartplugg). Fiskane vert mindre stressa når dei får ein føreseieleg døgnrytme, og plantane trivst betre. Det er best å ikkje overskride tolv timer lys i døgnet.
Varme
Kunstig oppvarming av akvariet er naudsynt viss ein ikkje har akvariet i eit rom med særleg høg og stabil temperatur. Den enklaste måten å varme opp akvarievatnet på er med ein termostatstyrt varmekolbe til 20–30 euro. Den beste temperaturen for kampfisk ligg mellom 25 og 28 grader.
Termometer
Når ein skal varme opp vatnet, vert det òg naturleg å skaffe seg eit termometer. Her finst det ein del val.
Klassiske akvarietermometrar med kvikksølv/sprit får du vanlegvis for under 5 euro i den lokale fiskebutikken.
Du kan òg bruke eit elektronisk inne-/utetermometer som har følar på leidning. Berre pass på at det ikkje sit restar av lim eller dobbeltsidig tape på det som skal ned i vatnet, og at følaren er i eit nøytralt materiale som toler å liggje i vatn i lengre tid. Rustfritt stål er vanlegvis eit lovande teikn.
Nokre akvaristar melder at vatn trengjer inn i følaren på desse termometrane etter ei stund, og dei vert då svært unøyaktige. Sjølv har eg aldri opplevd dette. Mange av desse termometrane har ein funksjon for å halde greie på maksimums- og minimumstemperaturen, noko som kan vere høveleg viss du har ein mistanke om at temperaturen i karet ikkje er stabil.
Viss du vil ha nøyaktige avlesingar bør du plassere termometeret/følaren i god avstand frå varmekolben, helst i motsett ende av akvariet.
Bilete frå Wikimedia Commons
Dei siste åra har òg ein type termometrar som måler infraraud stråling, kome på marknaden. Desse kan sjå ut som ein pistol som du peikar mot akvariet og trekkjer av. Termometeret måler vasstemperaturen på opptil fleire meters avstand, og du kan lese han av på eit display. Desse termometrane er ikkje supernøyaktige, men er praktiske viss ein har mange akvarium eller vil måle temperaturen på ulike ting.
Filter
Òg i akvarium der du berre skal ha kampfisk, er det lurt å setje inn eit pumpedrive filter. Utan eit slikt må ein skifte vatn i eitt sett. Filteret vert dimensjonert etter storleiken på akvariet. Kapasiteten står vanlegvis oppgjeven på emballasjen, i liter per time og/eller i akvariestorleik.
Ver merksam på at filterprodusentane smør tjukt på desse tala. Viss det står at filteret toler opptil 250 liter, vil det truleg passe best i eit 100- eller 150-litersakvarium. Som med sjølve akvariet er det òg her betre å kjøpe for stort enn for lite.
Yngel stiller ekstra store krav til vasskvaliteten.
Botnlag
Kampfisk bryr seg lite om botnlaget, men dei fleste fiskar kjenner seg tryggare med mørk grus/sand og bakgrunn. Botnlaget bør vere kalkfritt og utan ureining. Det kan kjøpast i dyrebutikken og bør skyljast før det vert lagt oppi akvariet.
Kampfisk er frå naturens side tilpassa mjukt botnlag (mudder).
I såkalla sterile yngelakvarium brukar ein bar botn («BB-akvarium»). Dette er fordi ein naken glasbotn er lett å halde rein.
Spegel
Viss ein let hannkampfisken sjå seg sjølv i eit spegel, kjenner han ikkje seg sjølv igjen. I staden trur han at det er ein inntrengar på territoriet, og prøver å skremje denne vekk ved å spile opp gjellelokka og finnene og vise seg frå si mest imponerande side. Dette er ikkje usunt for kampfisken så lenge ein berre tek fram spegelen av og til, og avgrensar skyggeboksinga til nokre få minutt om gongen.
I nokre akvariebutikkar, og sikkert hos nokre akvaristar, står spegelen ved akvariet heile tida. Dette stressar kampfisken, fordi han får kjensla av at det er ein inntrengar som han ikkje klarer å jage bort. Bruk derfor spegelen med måte. Det er ingen vits i å la kampfisken vere på krigsstien heile tida. Dessutan gjev han eit betre show viss han trur inntrengaren nettopp har kome, og er lett å jage. Ikkje la spegelen vere fast innreiing i eller på akvariet, men heller ein god måte å få fram kampfisken på ein gong iblant.