Sjukdom

Bilete frå Wikimedia Commons.

Bilete frå Wikimedia Commons

Ein lærer seg snart å sjå intuitivt om fisken har vorte sjuk, sjølv om det er store individuelle forskjellar frå fisk til fisk. Sit heilt roleg og følg nøye med på kva fiskane gjer. Bli kjend med dyra, så får du snart ei kjensle av om dei har det bra eller ikkje.

Dei følgjande listene kan forhåpentlegvis gje ein peikepinn.

Indikasjonar på god form

  • Naturleg eleganse.
  • God appetitt.
  • Nysgjerrigheit.
  • Klåre fargar.
  • Vekslar mellom å vere aktiv og å kvile (nokre er svært aktive).
  • Viser aggresjon og er territorielle (ta høgde for individuelle forskjellar).
  • Reagerer på eller skvett av brå rørsler og lydar.

Indikasjonar på dårleg form

  • Rykkvise, anstrengde eller på andre måtar rare rørsler.
  • Tap av balanse.
  • Passivitet i vassoverflata eller ved botnen.
  • Manglar appetitt eller kastar opp maten.
  • Dårleg hud/finnar.
  • Sløvheit; reagerer ikkje på brå rørsler og lydar.

Fleire indikasjonar på dårleg trivsel

  • Gøymer seg mellom plantar eller ved botnen.
  • Bleike fargar.
  • Får panikk eller vert veldig redd av brå rørsler og lydar.
  • Ekstrem aggresjon.
  • Langsgåande striper (indikerer underkasting).

Viss du kjem fram til at fisken din er sjuk, bør du slå opp i ei akvariebok eller ta kontakt med dyrebutikken eller liknande, for å finne ut kva som feilar han. Ofte kan ein redde livet til ein fisk viss ein gjev han rett behandling til rett tid.