Labyrintfisk
Bilete frå Wikimedia Commons
Kampfisk er ein art i labyrintfisk-slekta. Labyrintfiskar er eigentleg fire fiskefamiliar frå Afrika og Asia. Dei er 50–60 millionar år gamle, og omfattar mellom anna guramiar. Familiane heiter Anabantidae, Belontiidae, Helostomantidae og Osphronemidae.
Kampfisk er av familien Belontiidae. «Anabantidar» vert ofte brukt som ei generell nemning på labyrintfisk, og Anabantidae vert ofte oppgjeven som familien til kampfisken, sjølv om dette er unøyaktig. (Ordet Anabantodei kjem forresten frå det greske ordet anabaiano, som tyder «å reise opp» eller «å gå opp». Dette er basert på observasjonar av labyrintfisk som går opp til overflata for å puste luft.)
Labyrinten
Grunnen til at labyrintfiskane har fått namnet sitt, er at ein del av gjellene deira er omdanna til eit organ som gjer dei i stand til å puste luft. Dette organet vert kalla labyrinten. Viss ein lener seg over akvariet og ser ned på ein kampfisk gjennom vassoverflata, kan ein skimte labyrinten gjennom hovudbotnen.
Labyrintfisk toler derfor låge oksygennivå i akvariet, sjølv om dei naturleg nok trivst betre med oksygenrikt vatn. Viss lufta over vassoverflata er for tørr eller kald, eller vassoverflata er skiten, kan labyrintfiskar få infeksjonar («forkjøling») når dei pustar luft. Viss ein labyrintfisk set seg fast under vatnet slik at han ikkje får tak i luft, kan han drukne.
Skumreir
Nokre labyrintfiskar er munnrugarar. Dei vernar ganske enkelt egga og den nyklekte yngelen ved å oppbevare dei i munnen til dei er store nok til å klare seg sjølve. Denne metoden er mest utbreidd blant dei større artane, til dømes Betta pugnax.
Andre labyrintfiskar brukar derimot luft til meir enn berre å puste i. Dei byggjer skumreir av bobler som dei gøymer egg og yngel i. Den siamesiske kampfisken er blant desse.
Det er hannen som byggjer og held ved like skumreiret, som tener som gøymestad og vern for egga og seinare for den nyklekte yngelen. Skummet sørgjer for å forsyne egg og yngel med oksygen, og inneheld soppdrepande stoff. Ein hannkampfisk som trivst, byggjer alltid vidare på skumreiret sitt så lenge tilhøva ligg til rette for det.
Reiret vert bygd under røter og mellom plantar, ofte ved kanten av land. I akvarium føretrekkjer hannen ofte å byggje reiret under blada på flyteplantar eller andre plantar som ligg ein roleg stad i vassoverflata. Ein halv isoporkopp som ligg opp ned og flyt i akvariet, er ein sikker vinnar.
Nærværet av ei hoe motiverer ofte hannen til å intensivere bygginga. Viss pH vert for høg, kan det likevel bli vanskeleg for han, sidan boblene ikkje held like lenge.
Dei første dagane etter klekking fangar hannen yngelen når dei prøver å symje vekk, og spyttar dei tilbake i reiret. Etter kvart mistar han interessa og lèt yngelen segle sin eigen sjø.