Yngelakvariet

Bilete frå Wikimedia Commons. Javamose kan danne gode gøymestader for yngel.
Javamose kan danne gode gøymestader for yngel.
Bilete frå Wikimedia Commons

Det er vanlegvis naudsynt å ha varmekolbe og termometer i yngelakvariet.

Helst bør du ikkje ha grus i botnen. Grus gjer det vanskelegare for hannen å plukke opp egg, og vanskelegare for deg å reingjere akvariet. Viss du fôrer med mikroorm eller anna søkkjande fôr, vil grusen hindre yngelen i å finne alt.

Det kan vere greitt å ha nokre flyteplantar eller liknande (ikkje for mykje) som yngelen kan gøyme seg mellom.

Nokre akvaristar brukar heller javamose som gøymestad for hokampfisken og seinare for yngelen. Javamose vert òg rekna som gunstig for infusorie-veksten.

Filter

Når det gjelder filteret, er det første ein må tenkje på om yngelen kan bli dregen inn. Mange vasspumpestyrte filter syg så kraftig at dei er ubrukelege i yngelakvarium. Det kan vere best å bruke eit luftdrive filter. Dette krev ein liten kompressor, ein slange, ein luftstein og eit filterhus. Dette bør du kunne få for 20–30 euro.

Styrken på pumpa/luftstraumen må uansett vere justerbar av omsyn til faren for å øydeleggje skumreiret eller suge inn yngel. Ei nylonstrømpe eller liknande utanpå vassinntaket kan hjelpe. Ein kan òg få kjøpt akvariefilter med open skumgummisvamp. Desse syg inn vatn over eit så stort areal at sugekrafta ikkje klarer å halde fast ein sprellande yngel.

Det lèt seg òg gjere å drive opp yngel utan filter, men dette krev mykje hyppigare vasskifte.

Vatnet

Ein bør bruke same akvarium til leik som ein brukar til oppdrett. Yngel har ikkje spesielt godt av å bli flytta (sjølv om mange akvaristar er ueinige i den påstanden). Ikkje fôr foreldra medan dei er i leikeakvariet. Dei toler nokre dagar utan, og dei leikar betre utan forstyrringar. Slik unngår ein òg at foreldra forureinar vatnet for yngelen.

Etter at egga er lagde, bør ein ikkje skifte vatn før ca. ei veke etter klekking. Når ein byrjar å skifte vatn, er det viktig å skifte lite om gongen, og heller skifte vatn oftare. Nytt vatn må luftast godt (for å bli kvitt klor), og tempererast slik at yngelen slepp å få temperatursjokk. Mål gjerne vatnet, både i krana og i yngelakvariet.

Når du syg ut vatn med hevert, er det lett å få med seg yngel som ligg mellom rusket på botnen. Plukk dei forsiktig tilbake i yngelakvariet med ei plastskje eller liknande.