Plassering

Bilete frå Wikimedia Commons. Å byggje akvariet inn i veggen kan vere ei god løysing.
Å byggje akvariet inn i veggen kan vere ei god løysing.
Bilete frå Wikimedia Commons

Å la akvariet stå rett på golvet er ofte ein dårleg idé. Du kan få problem med å tappe ut vatn. Akvarium som veg mindre enn deg, kan du setje oppå eit stødig møbel som du testar med di eiga kroppsvekt.

For større akvarium bør ein helst ha eit stativ eller møbel som er laga for føremålet. Det kan vere ein idé å sjekke kva forsikringsselskapet meiner om saka.

Viss direkte sollys når akvariet, vil mykje av fritida di gå med til å fjerne algar. Gutterommet til 7-åringen er heller ikkje alltid ein ideell plass. Set helst ikkje akvariet i gangen heller; omgivnadene bør ikkje vere for stressande for fisken.

Akvariet bør stå ein roleg, men godt synleg stad der det kan betraktast i stillheit når det høver seg slik. Viss du set det ein stad du må oppsøkje, vil det over tid ikkje få den merksemda det fortener. Viss du set det ein stad der menneske og dyr rasar forbi dagen lang, vil det aldri falle til ro og vise seg frå si beste side som ei dynamisk, levande og fascinerande undervassverd i miniatyr.

Fisk vert stressa viss menneske stressar rundt dei, og kampfisk er solitære skapningar som trivst best med rolege omgivnader. Stova eller soverommet er bra. Dette er vanlegvis rolege rom der ein oppheld seg ein del, så ein får høve til å nyte synet av fiskane i ro og fred. Viss du plasserer akvariet på soverommet, tenk òg på di eiga ro; pumper bråkar. Er du av dei som må ha absolutt stillheit når du skal sove, eller får duringa frå pumpa deg berre til å sove endå betre?

Kjøkkenet kan brukast, men det vert nokre fleire hygieniske omsyn å ta, og eg tenkjer då spesielt på kva vi utset fiskane våre for.

Nokre har akvarium på badet. Så lenge ein passar på at akvariet aldri vert utsett for reingjeringsmiddel eller kosmetiske produkt, er det ingenting i vegen for å setje det her. Då kan ein dessutan søle så mykje ein vil når ein skiftar vatn.