Systematikk

Bilete frå Wikimedia Commons. Pieter Bleeker (biletet) skildra i 1850 gruppa Betta som den siamesiske kampfisken 60 år seinare vart plassert i.
Pieter Bleeker (biletet) skildra i 1850 gruppa Betta som den siamesiske kampfisken 60 år seinare vart plassert i.
Bilete frå Wikimedia Commons
  • Siamesisk kampfisk ( Betta splendens, Regan (Wikidata) , 1910) er altså fisken som denne sida handlar om.
    Andre vitskaplege namn på siamesisk kampfisk (brukte synonymt i litteraturen): Betta trifasciata, Betta pugnax, Betta rubra, Macropodus pugnax.
  • Kampfiskar ( Betta, Bleeker (Wikidata) , 1850), er ei slekt med både munnrugande og skumreirbyggjande artar. Ikkje alle artane er like aggressive, og mange blir haldne i akvarium.
  • Macropodusinae (Hoedeman, 1948) er den rette gruppa for kampfisken, sjølv om ho ofte vert skildra som Anabantidae eller Belontiidae.
  • Osphronemidae (Wikidata) (Bleeker, 1859) er ei stor gruppe labyrintfiskar. Mange er populære akvariefiskar.
  • Labyrintfiskar (Wikidata) (Anabantoidei) består av over 80 artar fordelte på dei fire familiane Anabantidae, Belontiidae, Helostomantidae og Osphronemidae. Artane i denne gruppa har evna til å puste luft ved hjelp av eit organ i hovudet som blir kalla labyrinten.
  • Piggfinnefiskar (wp) (Perciformes) består av 19 underordningar og over 9 000 artar, stort sett rovfisk i grunt vatn. Dei manglar feittfinne. Bukfinnene har éin pigg og fem mjuke strålar, og sit langt framme. Brystfinnene sit på sidene.
  • Acanthopterygii (Wikidata) (Acanthopterygii) utgjer om lag 40 % av alle fiskeartar.
  • Ekte beinfiskar (wp) (Teleostei) er ei gruppe med over 26 000 artar.
  • Strålefinnefiskar (wp) (Actinopterygii) omfattar mellom anna størfiskar (Chondrostei) med 25–30 artar, bikirar (Polypteridae) og dynefisk ( Amia calva).
  • Kjevemunnar (wp) (Gnathostomata) inneheld alle virveldyr med unntak av slimålar og niauge, og ein kan seie at stamtreet til kampfisken møter stamtreet til mennesket omtrent her. Gruppa oppstod i fersk- eller brakkvatn for 440 millionar år sidan.
  • Virveldyr (wp) (Vertebrata, Cuvier (Wikidata) , 1812) utgjer over 50 000 artar.
  • Ryggstrengdyr (wp) (Chordata, Bateson (Wikidata) , 1885) er kjenneteikna ved at vi har ein elastisk støttestav som blir kalla ryggstrengen.
  • Deuterostome dyr (Wikidata) (Deuterostomia) er så avanserte at vi et og gjer frå oss gjennom to ulike hol, og utgjer fem prosent av alle kjende dyreartar.
  • Bilaterale dyr (wp) (Bilateria) er tosidig symmetriske dyr. Sjøstjerner, kråkebollar og maneter er blant dei få gruppene som ikkje høyrer til her.
  • Dyr (wp) (Metazoa) har alle felles stamforeldre som levde for om lag éin milliard år sidan.
  • Opisthokonta (Wikidata) er dyr, sopp og ein del organismar som tidlegare vart kalla protistar (wp) .
  • Eukaryotar (wp) (Eukaryota) er ein- eller fleircella organismar med eit arsenal av nyttige celleorgan.
  • Liv (wp) er det meste som rører på seg, og ein heil del organismar som knapt gjer det.

Betta sp.

Forkortinga sp. betyr species, altså art. Betta sp. betyr dermed «uspesifisert, ukjend eller uskildra art i slekta Betta». Ein veit altså at det er ein Betta, men ein er ikkje sikker på kva for Betta-art det er. Eventuelt har arten enno ikkje fått eit eige namn.

Så viss du veit at det du meiner er siamesisk kampfisk, skriv Betta splendens.

Viss du ikkje veit om det er ein siamesisk kampfisk eller ein annan Betta-art det er snakk om, er det derimot på sin plass å skrive Betta sp. Men då må du passe på at ingen misforstår og trur at du meiner Betta splendens ...