Fôring

Bilete frå Wikimedia Commons. Nokre typar tørrfôr.
Nokre typar tørrfôr.
Bilete frå Wikimedia Commons

Fiskane

I naturen et kampfisk stort sett insekter og andre smådyr som han finn i området frå eit par centimeter under overflata til nokre millimeter over. I akvariet et dei stort sett det du gjev dei. Yngel stiller naturleg nok sine eigne krav til fôret.

Rutinar Generelt om akvariefisk

Nokre greie tommelfingerreglar er å fôre éin eller to gonger om dagen.

Ikkje slepp meir fôr oppi akvariet enn fisken(e) klarer å ete på 1–3 minutt. Ein frisk fisk er alltid svolten, så det er ikkje noko poeng i å synest synd på han når han febrilsk sym mot fôringsplassen ved det minste glimt av deg. Det betyr berre at han har lært noko.

Det er viktig å variere kosten. Einsidig fôring kan føre til sjukdomar, til dømes bukvassott (dropsy) eller svømmeblæreskade. Immunforsvaret vert dårleg, så fisken vert meir mottakeleg for alle sjukdomar.

Fôringstida er eit ypparleg høve til å observere fiskane i akvariet. Ein får sjå dei meir sjenerte eksemplara som vanlegvis gøymer seg, og ein kan studere fiskane for å sjå etter tidlege teikn på sjukdom og liknande. Viss ein held seg i nærleiken av akvariet kvar gong fiskane et, byrjar dei òg å assosiere eigaren sin med mat. Det kan bidra til at ein ser fiskane oftare.

Protein

Når ein skal «feite opp» kampfisken, få ungfisk eller skadde finnar til å vekse raskare, styrkje immunforsvaret mellombels eller få kampfiskane i humør for leik, kan ein gje dei noko proteinrikt fôr.

Nokre brukar okselever eller biffkjøtt i akvariet. Mange åtvarar mot å bruke jamvarme dyr som matkjelder for fisk. Dette er fordi pattedyr og fuglar kan innehalde feittypar som ikkje lèt seg bryte ned ved låge temperaturar. Sidan fisk er vekselvarme og stort sett held lågare temperatur enn pattedyr og fuglar, kan desse feittstoffa hope seg opp i fiskekroppen og forårsake sjukdom og skadar på indre organ.

Frosne eller levande mygglarvar er veldig bra, men det er ikkje lurt å overdrive «kraftfôret». For mykje protein over lang tid gjer fisken feit og lat, det svekkjer immunforsvaret og forureinar akvariet.

Overfôring

Fisk er vekselvarme dyr, noko som betyr at dei ikkje brukar energi på å halde varmen. Dei flyt vektlause i vatnet, så dei treng heller ikkje å bruke energi på å halde seg oppreiste. Derfor klarer fisk seg vanlegvis lenge utan mat. Overfôring tek livet av mange fleire akvariefisk enn utsvelting gjer.

Ferie

Vaksne fisk klarer seg utmerkt åleine i akvariet i ei veke eller to utan mat. Feriefôrtablettar vil eg ikkje tilrå. Dei forureinar akvariet utan å hjelpe fiskane nemneverdig.

I periodar der tilgangen på mat er dårleg, vert forbrenninga til fiskane redusert. Forbrenninga vert ytterlegare redusert viss du senkar temperaturen i akvariet eit par grader før du reiser bort.

Skal du vere borte meir enn to veker, bør du vurdere å få nokon til å kome og mate fiskane, eventuelt investere om lag 20 euro i ein fôrautomat frå dyrebutikken. Medan du er bortreist bør fiskane få sparsame mengder fôr, sidan du uansett ikkje får skifta vatn før du er tilbake.

Sultestreik

Kampfisk kan finne på å slutte å ete, og nekte å ta til seg mat igjen før dei får frosne mygglarvar eller anna lettfordøyeleg fôr. Hannane er meir kresne på maten enn hokampfisk, og kan finne på å streike heilt til dei får noko levande. Det kan hjelpe å la kampfisken faste i to–tre dagar, for å sjå om han får opp appetitten igjen, før ein eventuelt set i verk meir drastiske tiltak.