Vasskifte

Bilete frå Wikimedia Commons. Å skifte vatn kan vere slitsamt viss ein ikkje legg litt til rette for det.
Å skifte vatn kan vere slitsamt viss ein ikkje legg litt til rette for det.
Bilete frå Wikimedia Commons

Jo oftare ein skiftar vatn i akvariet, jo betre er det. Det ultimate er eit system der vatn kontinuerleg vert skifta ut, men dette vert for komplisert eller dyrt for dei fleste.

Ein grei tommelfingerregel er å skifte ein tredel av vatnet i akvariet kvar veke.

Å skifte for mykje vatn om gongen altfor ofte kan verke dårleg inn på akvariet. Viss du skiftar 80 % av vatnet kvar dag, forstyrrar du truleg fiskane.

Er det mykje klor (wp) i kranvatnet ditt, bør du vurdere å mellomlagre vatnet i eit døgn før du har det oppi akvariet. Klor irriterer huda og gjellene til fiskane.

Slamfjerning

Når du tek ut vatn av akvariet, er det ein god idé å fjerne botnslam samtidig. Dette gjer du ved å feste ei såkalla slamklokke på enden av hevertslangen som du brukar for å få ut vatnet.

Før slamklokka over botnen og rot litt i botnlaget med henne for å løyse opp avfallet. Ei slamklokke får du kjøpt i akvariebutikken, eller du kan lage henne sjølv for ein tidel av prisen.

Ikkje fjern slam samme dag som du renser filteret. Då risikerer du å reinske ut for mange av dei gode bakteriane, slik at akvariet må gjennom ein ny oppstartssyklus.

Kampfisk i bolle

Viss du har kampfisken i «gullfiskbolle», bør du byte minst ein tredel av vatnet 2–3 gonger i veka eller kvar dag. I ein bolle utan filter er det uansett ikkje særleg mykje grunnlag for bakteriar, så det er lite vits i å prøve å ta vare på dei. Pass på at temperaturen i akvariet ikkje svingar for mykje når du har i nytt vatn.