Oppstart
Bilete frå Wikimedia Commons
Når alle bakteriekulturane er i balanse i akvariet, har akvariet eit eige liv som ein ikkje ser ved første augekast. Den nødvendige nedbrytinga av avfallsstoff startar ikkje straks når ein heller vatn i eit kar. Eit nyoppstarta akvarium brukar i teorien rundt fem veker på å modnast.
Det som kjem ut av fiskane og frå rotnande fôrrestar, er ammoniakk og ammonium. Desse stoffa vert brotne ned av bakteriar til nitritt, som igjen vert brote ned til nitrat av ein annan type bakteriar.
Når ein startar opp eit akvarium, vil dei første fiskane produsere ammoniakk som på grunn av mangel på bakteriar ikkje vert broten ned. Ammoniakken hopar seg derfor opp i vatnet. Etter om lag ti dagar byrjar bakteriane som skal ta seg av dette å etablere seg. Ammoniakken sluttar å hope seg opp, og byrjar å bli omdanna til mindre giftig nitritt.
No hopar nitritten seg opp i akvariet. Det tek endå om lag 20 dagar før bakteriane som bryt ned nitritt, er klare til dyst. Nitritten vert då broten ned til nesten ufarleg nitrat.
Dette betyr at eit kvart nyoppstarta akvarium vil gjennomgå to kriser den første månaden; ein ammoniakk/ammonium-topp etter om lag 10 dagar, og ein nitritt-topp rundt ein månad etter oppstart. Begge desse toppane kan ta livet av fiskane viss ein ikkje tek dei naudsynte førehandsreglane.
Grafen viser typiske utslag for ammoniakk/ammonium og nitritt i ein oppstartssyklus. Tala på X-aksen svarar til talet på dagar, og fargane viser kva som er gunstige nivå for fisk.
Viss ein forstyrrar den biologiske balansen i eit modent akvarium, til dømes ved å reinske filteret i klorhaldig springvatn eller gje fiskane bakteriedrepande medisinar, kan ein risikere å ta livet av så mange bakteriar at ein sender akvariet inn i ein ny syklus som òg tek ein drøy månad. Med litt flaks vil ikkje alle bakteriane døy, og ein kan få eit litt mindre utslag av giftstoffa og kortare tid før bakteriekulturen kjem seg igjen.
Innkøyringsperioden på 36 dagar kan kortast ned ved å tilføre gunstige bakteriar på kunstig vis. Dette kan ein oppnå med produkt ein kjøper i akvarieforretninga (det er omdiskutert om dei i det heile har nokon effekt), eller ved å tilsetje modna filtermateriale eller grus frå eit anna akvarium.
For å få nokon effekt av dette må ein tilføre nye bakteriar fleire gonger med nokre dagars mellomrom. Dette er fordi nitrittbakteriane ikkje toler høge ammoniakk-nivå, og dermed ikkje kan etablere seg før ammoniakkbakteriane har kome ordentleg i gang. Ammoniakkbakteriane må på si side få i seg store mengder ammoniakk før dei deler seg, og celledelinga tek opptil fleire dagar. Dei likar heller ikkje lys.
Populære metodar
Fiskelaus innkøyring
Mange sver til fiskelaus innkøyring (fishless cycling på engelsk). Då set ein opp akvariet med filter, grus og plantar, og let det stå slik den naudsynte tida. Alt springvatn inneheld litt ammoniakk og nitritt, og dette er i mange tilfelle nok til å starte filteret.
Likevel er det mange som fôrar «dei usynlege fiskane» litt eit par gonger i løpet av perioden, for å vere sikre på at filteret har nok å arbeide med. Salmiakk (òg kalla salmiakksalt eller ammoniakksalt) er eit produkt som inneheld 5–10 % ammoniakk. Nokre dropar av dette (om lag 1 ml salmiakk per 100 l vatn) bør vere nok til å få filteret i gang. Pass på å måle vassverdiane; dersom du overdriv ammoniakktilsetjinga, er heller ikkje det bra for filterbakteriane.
Innkøyring med nokre få fisk
Dette er ein metode som vert tilrådd i mange akvariebutikkar og gamle handbøker. Det er sjølvsagt lettare for ein ivrig nybyrjar å akseptere denne metoden, sidan ein trass alt «får lov» til å kjøpe nokre fisk med ein gong. Mange meiner likevel at dette er dyreplageri mot dei første fiskane, fordi nitritt-/ammoniakknivåa uansett vert høgare enn fiskane toler.
Viss du skal starte med nokre få fisk, sørg for at det verkeleg er få fisk. Den første månaden bør du skifte vatn fleire gonger i veka, og du bør ikkje bli altfor overraska viss det bryt ut sjukdom i akvariet.
Rask oppstart med filtergrums
Viss du har eit akvarium frå før, kan du kome i gang med eit nytt mykje raskare. Set opp akvariet med grus, plantar, filter og så vidare. La det stå eit døgn eller så, slik at kloren vert lufta ut av vatnet. Skru deretter av lyset, og overfør ein rikeleg dose med grums frå det gamle, innkøyrde akvariefilteret ditt – opp i det nye akvariet. Dei nyttige bakteriane i grumset vil busetje seg i det nye filteret og gjere det effektivt på relativt kort tid.
Med denne metoden er det rimeleg trygt å starte med nokre få fisk, men ein bør uansett følgje med på vassverdiane. Overfør gjerne filtergugge tre–fire gonger i løpet av dei første par vekene.
Rask oppstart på flaske
Ein kan kjøpe flytande produkt for å starte filteret. Desse inneheld levande bakteriar frå gruppa Nitrosomonas (bryt ned ammoniakk til nitritt), samt Nitrospira (bryt ned nitritt til nitrat; tidlegare trudde ein at det var bakteriar i gruppa Nitrobacter som gjorde dette, men det er berre delvis sant, og mange produkt inneheld framleis Nitrobacter i staden for Nitrospira).
Legg merke til at desse produkta ikkje er det same som vanlege vassforbetringsmiddel (AquaSafe og liknande) som er meinte for akvarium der filteret allereie er i gang.
Følg bruksrettleiinga, pass på å oppbevare flaska rett, og mål vassverdiane jamleg.
I kva grad desse midla eigentleg er særleg effektive, er det delte meiningar om.
Oppstart utan innkøyring
Dette er ikkje ein metode i eigentleg forstand; eg vil berre beskrive ein svært vanleg (og dårleg) måte å starte opp eit akvarium på: Fyll opp med plantar, vatn, filter og varmekolbe, og slepp fiskane oppi så snart vatnet har rett temperatur. Dette er måten mange nybyrjarar gjer det på, og mange får eit kort akvaristliv på grunn av dette.
Når fiskane vert sjuke og stryk med (noko som gjerne skjer etter om lag 14 dagar eller etter eit par og tretti dagar; sjå grafen), mister ein gjerne gleda ved hobbyen, og så byrjar ein å spele til dømes bridge i staden. Ikkje eit vondt ord om bridge, men viss det er planen din, les du no feil nettside. ;)
Dette er ei felle du bør vere godt førebudd på å ikkje gå i etter å ha lese dette.
Kombinasjonar
Det enklaste er ofte ein kombinasjon av dei ulike metodane som er nemnde ovanfor. Du kan til dømes starte med eit tomt akvarium, kickstarte det med ein solid dose filtergørr, vente ei veke, setje inn nokre få fisk, tilføre meir gørr og halde fram sakte og forsiktig derfrå.
Følg alltid godt med på fiskane under oppstartsperioden, og mål vatnet så snart du mistenkjer at noko kan vere feil.