Siamesisk kampfisk – Betta splendens

Bilete frå Wikimedia Commons. Kampfisk, CT hann.
Kampfisk, CT hann.
Bilete frå Wikimedia Commons

Siamesisk kampfisk Betta splendens

Kampfisk lever som kjent ikkje i akvarium i naturen, og det beste ein kan gjere er å etterlikne naturen så godt ein kan. Vill siamesisk kampfisk finn ein stort sett i grunne pytter og rismarker i Søraust-Asia, nærare bestemt Thailand, Malaya, Cochin-Kina og Vietnam.

Eksemplar i fangenskap kan bli opptil 10 cm lange, men ca. 6,5 cm er den vanlegaste maksimallengda. I naturen er 5 cm vanleg lengd for utvaksne individ.

Ein siamesisk kampfisk vert sjeldan eldre enn tre–fire år i akvarium, og nær sagt aldri i naturen. I fangenskap kan dei leve lenger (meir enn fire år), men dette avheng av faktorar som mellom anna vasskvalitet, temperatur, fôr og livshistorie.

Den beste alderen for avl er om lag mellom 5 og 15 månader.

Som alle fisk stiller kampfisken visse krav til vatnet. Det er ikkje sant at dei «toler alt». Viss ein kampfisk har levd under dårlege tilhøve, kan dette svekkje immunforsvaret hans i lang tid etterpå.

Dei kampfiskane vi ser i akvarium skil seg vanlegvis frå ville kampfiskar ved at dei etter mange år med målretta avl har fått fleire og sterkare fargar, og større og meir varierte finnar.

Vill hannkampfisk har korte finnar, nesten som dei hunnfiskane vi er vane med frå akvariebutikkane. Dei er vanlegvis brunaktige med svak raud og/eller blå farge på finnane og kroppen. Fargane vert tydelege først når fiskane skal syne seg fram for kvarandre.

Hannane har òg i naturen større finnar enn hoene, men ikkje så ekstremt som dei framavla variantane.

  • Norske namn: Kampfisk, siamesisk kampfisk, slørkampfisk.
  • Engelske namn: Betta, fighting fish, Siamese fighting fish
  • Vitskapleg namn: Betta splendens, se taksonomien.
  • Thailandske namn: Pla Kat Thai, Plakat, sjå ordlista.
Bilete frå Wikimedia Commons. Kampfisk, VT hann.
Kampfisk, VT hann.
Bilete frå Wikimedia Commons

Variantar

I naturen er kampfisken brunleg med raude og blå parti. Hannfiskane har sterkare fargar enn hoene.

I dyrebutikkane finn ein mange variantar som er avla fram i fangenskap. Dei aller fleste fiskane som du kan kjøpe i butikken, har lengre finnar og sterkare eller heilt andre fargar enn fiskane i naturen.

Den første finnevariasjonen som vart avla fram, var slør (veil-tail, VT). I motsetnad til den naturlege halefinnen til kampfisken (round-tail) er sløret langt og heng nedover. Denne varianten har tradisjonelt vore dominerande i norske akvariebutikkar, men dette endrar seg sakte, men sikkert. Dette er fordi det har kome nyare, populære variasjonar av finnene. Døme på desse er crown-tail (CT), delta (DT) og halfmoon delta (HM).

Mange oppdrettarar har no gått over til berre å avle på desse haleformene. Eg ser for meg at avl på VT med tid og stunder kjem til å bli ein nisje, etter kvart som dei andre variantane tek over «marknadsdelar». Dette kan ta ei stund, sidan VT-gena er både utbreidde og dominante.

Pris

Ein hannkampfisk kostar vanlegvis mellom 4 og 8 euro i akvariebutikken, hoene ca. halvparten. Gode avlsfiskar kan fort kome opp i 20–30 euro. Ein av dei dyrare kampfiskane eg har høyrt om, var ein raud/kvit butterfly halfmoon-hann som vart seld for ca. 200 euro. Det går sikkert an å få tak i endå dyrare kampfisk, viss ein er interessert i det.

Er du ute etter ein spesiell fisk, til dømes til avl, bør du ta kontakt med ein oppdrettar i Noreg eller i utlandet. Dyrebutikkane fører stort sett berre tredjerangs fisk, medan oppdrettarane held dei beste fiskane sjølve. Fisk av god kvalitet vert seld over Internett eller bytt mot annan fisk.

Bilete frå Wikimedia Commons. Ein kampfisk som brettar ut gjellelokka for å skremje inntrengjarar.
Ein kampfisk som brettar ut gjellelokka for å skremje inntrengjarar.
Bilete frå Wikimedia Commons

Revir

Rundt skumreiret har kampfisken reviret sitt, som han heilhjarta forsvarar mot alle inntrengjarar, og då særleg andre kampfiskar.

I naturen er reviret til hannkampfisken mellom ein og tre meter i diameter. Nabokampfisken vert tolerert, men slepp vanlegvis ikkje inn i reviret. Ukjende kampfiskar som ein trur er streifarar på utkikk etter ein ledig plass, vert jaga bort, gjerne i samarbeid med naboen. Dette viser at kampfiskane er i stand til å skilje mellom individ.

Ei hoe vil bli betre motteken, så sant han ikkje har egg eller yngel å passe på frå før, og ho er gytevillig.

I akvarium er det litt annleis. Få akvarium er store nok til at meir enn ein kampfisk får plass til reviret sitt. Eg har aldri høyrt om nokon som har lukkast med å ha to vaksne hannar fredeleg i same kar, uansett storleiken på karet (med unntak av hannar som har vakse opp saman).

Ho-fisken dannar seg òg eit revir som er noko mindre enn reviret til hannen.

Rømmingsfare

Evnen til å puste luft gjer kampfisken uvanleg flink til å ta seg fram over land. Så lenge han ikkje tørkar ut, kan han halde seg lenge utanfor vatnet. Det er derfor lurt å dekkje til akvariet, eller sørgje for å ha høge kantar på det, slik at kampfisken ikkje hoppar ut. Hoene er særleg flinke (og villige) til å rømme.