Vanlege sjukdomar hos akvariefiskar
Bilete frå Wikimedia Commons
Bakteriell finråte – (engelsk: fin rot)
Hann kampfisk er spesielt utsette for dette, på grunn av dei lange finnane deira. Finråte kan kome av dårleg vasskvalitet eller på annan måte nedsett allmenntilstand hos fisken. Sløra (finnane) rotnar og går i oppløysing, vert hakkete i kantane og misfarga ytst. Ofte etterfølgd av eit angrep frå sopp. Finråte vert behandla med salt, antibakterielle middel og i ekstreme tilfelle antibiotika.
Sopp - (engelsk: fungi)
Kampfisk er sårbare for sopp. Saprolegnia og Achlya er blant soppartane som kan angripe fisk. Soppangrep kan utløysast av for raske/store temperatursvingingar, eller viss fisken vert utsett for infiserte mygglarvar eller uspist fôr som gjev næring til ein soppkultur. Det kan òg utløyse av nedsett allmenntilstand på grunn av dårleg vasskvalitet, skadar eller sjukdom.
Det ser ut som kvit «mugg» og dukkar ofte opp ved munnen, gjellene eller i sår, til dømes på finnane etter finneråte. Det vert behandla med salt og eigne soppmedisinar.
Columnaris - («sopp» eller «munnsopp»)
Ein vanleg fiskesjukdom som lett kan forvekslast med sopp, er columnaris. Denne sjukdommen kjem av bakterien Flavobacterium columnare (òg kjent som Flexibacter columnaris). Mange «soppmedisinar» for akvariefisk er eigentleg laga for å kjempe mot columnaris, sidan det er ein så vanleg sjukdom og sidan han så ofte vert forveksla med sopp. Medan sopp gjev eit «tåkete» kvitt belegg, liknar columnaris meir på kvite «vorter» på fisken. Gjerne på leppene (og då feilaktig kalla «munnsopp»), hovudet eller ryggen.
Bukvassott – (òg kalla bukvannsott, bukvassott. Engelsk: dropsy eller Malawi bloat)
Buken vert oppsvulma, ofte så mykje at skjella på sidene av buken vert tydeleg utståande. Augo kan òg byrje å bule ut. (N.B. mange kampfisk har litt utståande auge frå naturens side). Fisken får ei karakteristisk kroppsform som er lettast å kjenne att ovanfrå.
Dette er eigentleg ikkje ein sjukdom, men eit symptom som kan tyde på alle slags indre infeksjonar. Vanlegast hos ciklidar, karpar og labyrintfisk. Hokampfisk har lett for å få bukvassott etter egglegging. Det kan vere smittsamt, men treng ikkje vere det.
Ein reknar med tre hovudårsaker til bukvassott hos akvariefisk: Overforbruk av salt, langvarig opphald i dårleg vatn eller feil diett som har ført til parasittinfeksjonar. Andre årsaker kan vere forgifting, indre skadar og kreft.
Bukvassott er frykta og avskydd blant akvaristar fordi fisken vanlegvis ikkje kan reddast når sjukdommen har kome så langt at symptoma er tydelege. Ho kan i enkelte tilfelle behandlast med ein sterk saltkur og eventuell antibiotika. Det viktigaste, og vanskelegaste, i behandlinga av bukvassott er å oppdage sjukdommen i tide.
Nokre akvaristar skil mellom dropsy og bukvassott. Desse skildrar dropsy som ein infeksjon i nyre/lever, og bukvassott som ei generell væskeansamling i buken.
Kvitprikk – (òg kalla prikkesjuka. Engelsk: white spot disease eller ich, vitskapleg namn: Ichthyophthirius multifiliis)
Fisken vert frenetisk i rørslene, og kan sjå ut som ein vimpel i stiv kuling når han sym. Etter to–tre dagar kan ein sjå fullt av små, kvite prikkar på fisken. Dette er små parasittar som kan smitte raskt frå fisk til fisk. Dei angrip hud og gjeller.
Kan behandlast med fortynna formaldehyd (HCHO), malakittgrønt eller metylenblått. Det vert seld mange produkt mot kvitprikk i akvarieforretningane. Sidan parasittane har ein livssyklus som gjer at dei i periodar er immune mot medisinane, bør behandlinga vare i fleire dagar.
Kvitprikk er ein god grunn til ikkje å ta villfisk eller andre dyr direkte frå naturen oppi akvariet utan lang karantenetid.
Fløyelssjuke - (engelsk: velvet, latin: Oodinium eller Piscinoodinium)
Ser ut som fint gullgrått til kvitt støv på fisken. Fisken kan òg bli veldig andpusten. Han mistar gjerne appetitten og vert slapp.
Kjem av parasitten Oodinium pillularis. Kan utløyast av ammoniakk/ammonium og nitritt, eller altfor høge nitratverdiar.
Det finst medisinar mot dette i handelen. Behandlinga bør startast så tidleg som mogleg, før indre organ vert angripne.