Akvariet
Bilete frå Wikimedia Commons
Sjølve akvariet, den firkanta glasstanken, er ei av dei viktigaste investeringane du gjer når du byrjar med denne hobbyen. Det burde kanskje vere sjølvsagt, men det er rart med det. Mange som startar opp sitt første kar brukar meir tid på å tenkje på kva for fiskar og plantar, kva for elektrisk utstyr og kva for grus dei skal ha oppi akvariet, enn på korleis sjølve karet skal vere og korleis det skal plasserast.
Det meste av utstyr og innreiing kan enkelt skiftast ut viss det viser seg å ikkje passe. Det krev større anstrengingar å flytte eller byte ut eit akvarium som i utgangspunktet er fullt av vatn, fisk og plantar.
Størrelse
Jo større akvariet er, desto betre. Viss du har eitt akvarium på 40 liter og eitt på 150 liter, vil du snart sjå at det største er lettast å vedlikehalde og halde reint. (Sjølv hadde eg den siste kampfisken min i eit 375-liters akvarium saman med nokre andre fisk og rikeleg med plantar, og eg trur han syntest det var akkurat passe stort.)
Vassverdiane kan bli veldig ustabile i små akvarium. Dette er stressande for fisk, plantar og den livsnødvendige bakteriefloraen i akvariet. Kriser utviklar seg gjerne raskare òg. Historia om den uerfarne akvaristen som får panikk når han ser at noko er gale med nokre av fiskane, og som gjer vondt verre i forsøket på å redde dei, høyrest stadig i nye variantar.
Eit stort akvarium kan sjølvsagt ikkje redde deg frå alle nybyrjarfeil, men det kan gje deg dyrebar tid til å tenkje deg om eller spørje nokon om hjelp, i tilfelle ting kjem ut av balanse i akvariet ditt.
For nybyrjaren er det derfor best å starte med eit akvarium på minst 80 liter (og gjerne meir), for å ikkje gjere det unødvendig problematisk å halde ved like eit miljø som fisken kan trivast i. Viss kampfisk er den einaste fisken du skal ha, kan eit mindre akvarium passe betre, men gå helst aldri under 30 liter. Hugs òg at eit så lite akvarium er mykje mindre stabilt enn eit større akvarium.
Mange har skrive i gjesteboka mi og spurt kvifor kampfisken deira har vorte sjuk. Ein del av desse har hatt kampfisken sin i behaldarar på mindre enn 20 liter, noko som òg kan vere ein del av svaret på spørsmålet deira.
Gullfiskbolle
Gullfiskbollar er ei gammal utforming som kanskje ser bra ut på hylla, men som ikkje eignar seg like godt til praktisk bruk. Viss ein fyller bolla heilt opp for å gje fisken mest mogleg vatn å leve i, vert vassoverflata mindre. Det gjer at det lett kan bli for lite oksygen for fiskane.
Bilete frå Wikimedia Commons
Viss ein fyller bolla berre halvvegs opp, vert overflata større, men vassmengda vert òg halvert. Dette er eit problem, sett i lys av at dei fleste gullfiskbollar i utgangspunktet er for små til å kunne vere gode heimar for fisk.
Det er òg vanskeleg å sjå fisken ordentleg når han er i ein bolle, fordi den bøygde overflata forvrir lyset.
Mange av dei som har kampfisk i bolle, klagar over at kampfisken er passiv. Han berre ligg der og gjer aldri noko. Eg synest ikkje det er så rart. Viss ein oppbevarer kampfisken sin som ein grønsak, oppfører han seg som ein grønsak. Det er sjølvsagt ikkje spesielt spennande for nokre partar.
Viss ein derimot gjev han litt meir plass å leve på, vil han òg bli meir levande, trivast betre og bli meir interessant å følgje med på. Som forbrukar får du meir igjen for pengane, samtidig som kampfisken får eit betre liv.
Når eit lite akvarium gjerne kostar mindre enn ein bolle, og når ein tek omsyn til at algar er mykje vanskelegare å fjerne frå ei bøygd overflate enn frå ei rett, vert det vanskeleg å sjå nokre gode grunnar til å velje ein bolle framfor eit akvarium. Viss ein synest bollane ser fine ut, kan ein jo til dømes plante blomar i dei.
Viss ein insisterer på å ha kampfisken sin i ein bolle, må ein i det minste forsikre seg om at bolla står ein stad der temperaturen aldri når under 20 grader Celsius. Viss rommet kan bli kaldare, må ein ha ein varmekolbe i bolla, eller byte kampfisken ut med ein fisk som toler kaldare vatn (men ikkje gullfisk, det er ein av dei artane som passar dårlegast i bolle).
Viss ein fyller bolla cirka to tredelar opp, oppnår ein eit kompromiss mellom behovet for mest mogleg vatn og behovet for størst mogleg overflate. Ein kan lage seg eit lokk av til dømes plexiglass viss ein ønskjer at kampfisken skal få varm og fuktig luft å puste i.
Delvasskifte bør gjerast minst ein gong i veka. Sjekk at det nye vatnet har rett temperatur før du har det i bolla; Kampfiskar er kjenslevare for temperatursvingingar.
Ramme eller heilglas?
Mange komande akvarieeigarar lurer på kva som er best av rammeakvarium og heilglasakvarium. Det er det same kva du vel. Begge deler henger like godt saman. Sprekker det så sprekker det. Du bør uansett ha vasskadeforsikringa i orden. Ho er rimelegare enn du trur.
Dei fleste synest heilglasakvarium er penast å sjå på.
Viss du passar på å setje akvariet opp heilt vassrett, og utan vridingar i underlaget, bør det gå bra. Viss du vel heilglasakvarium, er det ein fordel med eit ligjeunderlag, ei isoporplate eller liknande under glasbotnen for å fordele trykket betre. Ver nøye med å fjerne ureiningar under glasbotnen før du set akvariet på plass.
Dekkglas
Kampfisk krev eit akvarium med dekkglas eller tett lystopp.
Dekkglas er glasplater som ligg over akvariet og hindrar fisken i å hoppe ut. Dei held òg lufta over vatnet varm og fuktig, perfekt for kampfisk.
Nokre akvarium har tett lokk (lystopp) utan dekkglas. Så lenge toppen stansar hoppande kroppar og held på luftfukta, treng ein ikkje ekstra dekkglas.
Oppdrettskar
Mange som driv med oppdrett har huset sitt fullt av små boksar på to liter som det sym kampfisk i. Med fleire hundre aggressive krigarar i huset nyttar det ikkje å skaffe «ordentleg» akvarieplass til alle.
Før du byrjar å putte kampfisk eller -yngel i bitte små behaldarar, bør du sjølvsagt setje deg godt inn i behova til fiskane, og du bør òg vere førebudd på å skifte vatn på alle behaldarane fleire gonger i veka. Dette må gjerast kvar veke i fleire månader. Gjer gjerne eit lite overslag over talet på arbeidstimar før du byrjar.