Avfallsstoff

Bilete frå Wikimedia Commons. Nokre syklusar. 1) Fiskane får mat, 2) dei skil ut ammoniakk/ammonium, 3) Nitrosomonas-bakteriar bryt dette ned til nitritt, 4) Nitrospira-bakteriar bryt det vidare ned til nitrat som plantene kan utnytte, 5) reint vatn fordampar og etterlèt ein høgare konsentrasjon av avfallsstoff, 6) plantene får energi frå lys, 7) bakteriar finst òg i botnlaget, 8) plantene skil ut oksygen som fiskane brukar, 9) fiskane skil ut karbondioksid som plantene brukar.
Nokre syklusar. 1) Fiskane får mat, 2) dei skil ut ammoniakk/ammonium, 3) Nitrosomonas-bakteriar bryt dette ned til nitritt, 4) Nitrospira-bakteriar bryt det vidare ned til nitrat som plantene kan utnytte, 5) reint vatn fordampar og etterlèt ein høgare konsentrasjon av avfallsstoff, 6) plantene får energi frå lys, 7) bakteriar finst òg i botnlaget, 8) plantene skil ut oksygen som fiskane brukar, 9) fiskane skil ut karbondioksid som plantene brukar.
Bilete frå Wikimedia Commons

Nedbryting

Det første avfallsstoffet som dukkar opp i akvariet, er ammoniakk. Dette er svært giftig og kan i små konsentrasjonar ta livet av alle fiskane. Heldigvis vert ammoniakken i akvariet raskt omdanna til ammonium dersom pH er under 7.

Viss pH stig over 7 igjen, vert ammoniumet omdanna tilbake til ammoniakk. Dette kan forklare enkelte tilfelle der eit forseinka vasskifte fører til plutseleg «uforklarleg» fiskedød.

I eit sunt akvarium med eit modna filter er ammoniakknivået så lågt at det ikkje er målbart med normale testar. Viss det er oksygen til stades i filteret og i botnlaget, vert ammonium og ammoniakk omdanna til nitritt, som er mindre giftig enn ammonium. Nitritten vert ikkje påverka av pH.

Med tid og stunder vert nitritten broten ned til nitrat, som er endå mindre giftig. Nitratet vert ikkje brote vidare ned, og må normalt fjernast frå akvariet ved vasskifte. Ein kan òg satse på anaerob filtrering for å bryte nitratet vidare ned, men dette er både komplisert og risikabelt.

Plantene brukar òg litt nitrat, men for å få balanse mellom produksjon og bruk må ein i praksis ha eit akvarium på mange hundre liter, fullt av plantar og med godt lys. Og ikkje meir enn eit par–tre små fiskar. Dei færraste akvaristane er interesserte i eit slikt oppsett.

Viss bakteriane i filteret og/eller botnlaget vert ståande utan oksygen, kan ting byrje å gå den andre vegen. Dei gunstige bakteriane døyr i hopetal og frigjer avfallsstoff som tek livet av fiskane.